BUDSJETTARBEID OG PARTIPOLITIKK

Øystein Bjørndal LundØkonomi, PDKLeave a Comment

I kommunestyra rundt om i landet er det nytt budsjett som skal vedtas for kommende år i Desember. Dette er viktige møter, som kommunestyremøta ellers!, fordi her kan partia legge fram egne forslag til budsjett. Dette er viktig for her kan partia meir tydeliggjera politikken,og visa korleis partiet vil satsa neste år. Det gjer partia i møta ellers i året også ved stemmegivning, men  i budsjettet kan det flyttes midler frå prosjekt partiet ikkje ønskjer til prosjekt partiet vil ha gjennomført.

Partiet De Kristne (PDK) har eit allsidig program, og ser mange saker som kan væra viktige å løfta fram.

Eit av desse sakene er eiendomsskatten!  Den er rett og slett stygg og rammar folk ekstra. Etter mitt syn er det eit sjukdomstegn i kommuneøkonomien når denne ekstraskatten må innføres! Eit argument er at kommunene er pålagt å yta tjenester for innbyggerne i kommunen. Ja, det stemmer det, men klarer ikkje kommunen det uten eiendomsskatt, må ein sjå på drifta!

Dette tok eg opp på budsjettmøte no i Desember. Fordi PDK har bl.a. gått til valg på å arbeide for å fjerne eiendomsskatten. Derfor tok eg dette opp; ikkje som plikt, men som noko eg «brenner» for!

Det er slik at på Bømlo, der er sit i kommunestyret for PDK, er det familiar som må flytte frå hus og heim fordi avgiftene, og utgiftene, blir for store. Mange har mista jobben etter siste oljekrisa me hadde. Det er vondt i seg sjølv, men å på toppen av dette mista huset er som salt i åpent sår!! Dette kan eg ikkje som PDK-politikar oversjå!

Vann – og klakkavgift, renovasjonsavgift og eiendomsskatt blir innkrevd av tre selskap som er kommunale, og eit interkommunalt. Det er for så vidt greit. Men så kjem det som ikkje er greit: Desse tre har kvar sine innkrevingssentralar. Då blir virkeligheten den at om rekningane frå desse aktørane ikkje blir betalte havnar dei hos tre ulike innkrevingssentralar; følgelig blir då salæret 3-dobla!! Dette burde væra unødvendig! Så eg spurte ifrå talerstolen om ikkje det gjekk an å bruka felles innkrevingssentral, då blir det «bare» eit salær.

Då kan kanskje talet på tvangssalg reduserast.

Etter det eg har forstått er dei begynt å sjå på dette!!

La også fram forslag der kommunestyret ber Administrasjonen så på muligheten å redusera eiendomsskatten. Dette fekk eg bare FRP med på!

Utviklingshemmede er ei gruppe som treng ekstra hjelp når dei skal på ferie. Dette kostar penger, fordi dei må ha hjelp med seg, og ofte må betale for dette. Dette resulterer i at det blir vanskelig, og for dyrt å få seg ein etterlengta ferietur. Me funksjonsfriske kan bestille tur å reise, men slik er det ikkje for utviklingshemmede.

Derfor la eg fram forslag frå PDK der kommunestyret ber Administrasjonen setje av ein pott på kr. 100.000,- som desse kan søkja på som støtte til reise.

Dette fekk eg bare H og FRP med på!!

Eg er litt overraska over at ikkje fleire parti støtta dette. Etter det eg forstår er det fleire parti som står opp for dei sjuke og svake i samfunnet! Men som sagt: politikken ein vil driva kan ein vise i budsjettarbeidet!

No er det ikkje slik at eg skal skrive leserinnlegg om arbeidet i kommunestyret! Men synes det er viktig å få dette fram, for det kan være slik i mange kommunar. Så er det jo eit par hederlige eksempel på kommunar som har klart å fjerna eiendomsskatten! Det går an!

Hadde ikkje PDK fremma desse sakene i møtet, hadde det ikkje blitt nevnt! Det viser igjen at PDK er eit parti som det er bruk for i Norsk politikk! PDK har respekt for å ha blitt valgt inn, og jobbar for dei sakene PDK er blitt innvalgt på. Dette handlar om tillit PDK har fått hos velgjarane, og eg er veldig klar over at det er ei stor oppgave eg har som PDK-representant å leve opp til dette!

Lars-Kåre Katla

Kommunestyrerepresentant

PDK Bømlo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *