Er du ein framand i eit land som blir meir og meir endra i ei retning du ikkje set pris på?

AdminInnenriksLeave a Comment

I år stemmer vi PDK

.Ole G. Steen PDK skriver: Vi vil no stå opp for kristen tradisjon på rett og galt, sant og usant og vil ikkje lenger vere med på den omskriving av evige sanningar som no skjer, oftare og oftare.

ANSVAR I VÅR TID?

Er du ein framand i eit land som blir meir og meir endra i ei retning du ikkje set pris på? Mange opplever no eit samfunn som blir stadig sterkare omforma av den liberalistiske sekularismen. Kristendommen er antikvert og skadleg for den enkelte og fellesskapet, meiner mange. Kristendommen er frå fortida og må ikkje hindre folk å gå inn i ei god framtid.

Vi må no stå opp mot eit slikt framtidssyn. Vi kan ikkje overlate samfunnet til ein antikristen og antireligiøs sekularisme. Dei kristne er berarar av ein grunnleggande kultur- og sivilsasjonstradisjon. Vi er ein kristen nasjon og det må vi ta ansvar for.

«Det fargerike feleskap» var ein fin tanke. Er det blitt eit slikt berekraftig fellesskap?

Masseinvandringa til Europa har gitt oss store utfordringar. Korleis integrere mennesker med svært ulike ikkje-kristne religionar og ulike kulturtradisjonar. Her blir det gjerne vist til menneskerettane som skal sikre fridom og likskap. Sekularismen skal då bidra til eit brorskap og eit fellesskap. Ein tar her sikte på å ta over kristendommen sin plass som «statsreligion» og på den måten fylle det religiøse tomrommet som sekularismen har bidratt til.

Islam og dei utan tru må ikkje provoserast. Derfor blir dei kristne skolelaga no nekta å organisere seg ved mange vgs. «Vi» er det store fellesskapet og har du kristne standpunkt blir du meir og meir definert ut av det gode selskapet i det sekulære samfunnet. Den nyleg vedtatte Diskriminerings- og likestillingslova skal sikre den sams oppfatning som ligg i forlenginga av homokulturen. Det diskriminerar å vektlegge at det er to ulike kjønn og ikkje akseptere brot med den narturlege ordning ved homoekteskap. Dette vil avgjere oppdraging i barnehage og skolar. Heller ikkje heimen vil vere eit område, der mor og far har eit fritt ansvar for barneoppdraginga. Her og skal statsideologien inn.

Menneskerettane er sentrale og viktige.

Problemet i vår tid er korleis dei skal etterlevast. Her kjem ideologi inn. Menneskerettane blir regelmessig misbrukt til å overkøyre kristne normer og sanningar. Innafor sekularismen er det viktigaste fridommen. Frå politisk, kulturell og sosial tvang, frå autoritetar og tradisjonar. Viktig blir frigjering frå natur. Det vil bety frigjering frå dei biologiske prosessar, knytt opp mot biologiske relasjonar. T.d. relasjonen mor, far og barn. Fridommen fører til bl.a. oppheving av rettsvernet for det ufødte liv, dekonstruksjonen av at ekteskapet er mellom mann og kvinne. Vidare ligg her surrogati og assistert befruktning med sæd- og eggdonorar og så deretter retten til å ta sitt eige liv. Velferdsstaten skal sjølvsagt bistå.

Det sekulariserte demokrati skal bidra til denne form for «sjølvrealisering». Vi må no stå opp for det som er rett og sant. Vi er ikkje lenger med på å dekonstruere evige sanningar.

Vi vil no stå opp for kristen tradisjon på rett og galt, sant og usant og vil ikkje lenger vere med på den omskriving av evige sanningar som no skjer, oftare og oftare.

Del dette