Folk og verksemder opplever høg strømpris. Nokre av dei som har minst set heime å frys. Det er ein uhaldbar situasjon. Ei årsak til denne situasjonen er elektrifiseringa av sokkelen. Magne Djuvik PDK
Denne saka starta med at NVE ønskjer å bygga ein kraftkabel frå Samnanger
Der monstermastene frå Hardanger slutta til oljeplattformer i Nordsjøen. Den kabelen må gå gjennom Bjørnafjorden Kommune sine sjøareal. Bjørnafjorden og andre berørte kommunar fekk saka på høyring. Høyringsfrist 31 januar 2022. PDK´s representant Magne Djuvik tok kontakt med Ordførar å ba om at Kommunestyret fekk sak på uttale før høyringsfristen. Det vart då kalla inn til ekstra møte i Kommunestyret 20 januar 2022.
Bjørnafjorden Kommune har eit system på nett der politikere kan legga inn alternative framlegg (politikerportalen).
Den 16 januar la Magne Djuvik inn eit framlegg som tillegg til Kommune direktørens framlegg, jfr nedanfor. Den 18 januar la Gisle Hesjedal frå Ap inn eit alternativt framlegg, jfr nrdanfor. Det vart nok gjort fordi Ap såg Magne Djuvik PDK´s sitt framlegg. Under debatten i Kommunestyret kom det fram at fleire parti ville støtta Ap sitt framlegg men ville vera medforslags stiller.
Då konklusjonen i begge framlegga er at ein vil stansa denne kabelen valde Magne Djuvik å støtta Hesjedal sitt framlegg.
I forhold til sentrale styresmakter er eit samrøystes vedtak i Kommunestyret eit sterkare signale enn eit delt Kommunestyre. Føresetnaden var at dette blei eit felles framlegg frå Bjørnafjorden Kommunestyre. Det sa Hesjedal ja til.
Framlegget ført i pennen av Hesjedal vart derfor vedteke som eit felles framlegg frå alle parti i Kommunestyret.
Fremlegg av PDK´s representant Magne Djuvik
Tillegg til Kommunedirektørens framlegg. Magne Djuvik16.01.2022
Folk og verksemder opplever høg strømpris. Nokre av dei som har minst set heime å frys. Det er ein uhaldbar situasjon. Ei årsak til denne situasjonen er elektrifiseringa av sokkelen. Bjørnaforden Kommune meiner at bygging av kabelen må utsettast til det er så mykje strøm tiljengeleig på fastlands Norge at me ser betydeleg redusert pris på elektrisk kraft på fatslands Norge.
Felles framlegg frå Bjørnafjorden kommunestyre som ble vedtatt
Gisle Hesjedal den 180122 og felles framlegg frå 20.01 22
Bjørnafjorden kommune sitt primærstandpunkt er at det ikkje bør byggast kabel gjennom Bjørnafjorden for å forsyna oljefelta NOA og Krafla i Nordsjøen med landstraum. Vi er i ein situasjon der sentrale delar av Vestland fylke, Bjørnafjorden kommune inkludert, manglar naudsynt kraft til etablering av ny moderne industri. Kraftmangel i Bergensregionen vil kunne forseinke det grøne skiftet og føre til tap av mange nye arbeidsplassar. Lokalt i Bjørnafjorden har vi utfordringar med å sikre nok straum til etableringa av Lyseparken, Samnøy og andre industrietableringar. Samla har desse etableringane potensiale for fleire tusen lokale arbeidsplassar. Etter vår vurdering vil det vere riktig å prioritere utbygging av overføringskapasitet internt i Vestland fylke og auka kraftproduksjonen, før ein vel å senda straumen ut i Nordsjøen. Elektrifisering av sokkelen vil isolert sett òg føra til høgare straumpris for innbyggjarane. Det meiner vi er ei feil prioritering. .