Høgresosialistane i Ålesund

RedaksjonenInnenriks, PDKLeave a Comment

Ole Steen Fylkesleder Møre og Romsdal

Partiet Høgre var tidlegare eit parti ein kunne forstå og forhalde seg til. Høgre er i dag det største på borgarleg side i Ålesund. Normalt sett burde dei vere i førarsetet for å skape eit felles fundament for eit alternativ til posisjonen. Dessverre er dei i dag svært uklare, diffuse og ingen god samarbeidspartnar.

Høgresosialistane

I ein situasjon der dei eldre er i ferd med å miste 108 sjukeheimsplassar, vel Høgregruppa å pioritere badeland i Brattvågen. Dette bør mange i Ålesund kommune merke seg inn i den kommande kommunevalkampen. Det er tross alt slik at det er handling som tel og ikkje kva dei vel å   ville snakke om i tida framover.

Drivkrafta i arbeidet med å skape eit alternativt- grunnlag for styringa i Ålesund om to år ligg no til andre krefter enn i Høgregruppa. Vi er nokre som vil bygge eit slagkraftig alternativ til den sittande posisjonen i Ålesund, som består av Ap, Sp, Krf, V, MDG og SV. I tillegg får dei innimellom støtte frå Raudt.

I budsjettvedtaket om nedlegging av sjukeheimsplassane gjekk Ålesundslista, Frp, PP og PDK saman og fekk støtte av Kirsti Dale og av Raudt sin representant. Dermed vart dette alternativet det nest største og dermed sett opp mot posisjonen sitt framlegg. Her er det at Høgre då vel å støtte posisjonen sitt framlegg framfor fellesframlegget på borgarleg side. Hadde Høgre vore klar på at dei røysta med oss andre andre på borgarleg side hadde sjukeheimsplassane vore berga. Derfor vart Høgre tunga på vektskåla og avgjerande for resultatet om nedlegging.

Dermed får arbeidet med å skape eit alternativ til det sittande regimet i Ålesund kommune pågå utan å føresette at Høgre er ein del av fundamentet. Det blir arbeidet i kommunestyret i tida framover som får avspegle kor alvorleg det kan stolast på Høgregruppa. For eigen del er i alle fall tilliten så langt ganske tynnslitt.

Les også  Vi er glad for en borgerlig regjering, men vi er bekymret for Høyres globalisering.

PDK Ålesund 27.11.21

Ole G. Steen – kommunestyrerepresentant for PDK

Del dette