Ideologien frå 1968 førte til at den kristne kultur skulle bort

RedaksjonenPDKLeave a Comment

Ole Steen Fylkesleder Møre og Romsdal

Ideologien frå 1968 førte til at den kristne kultur skulle bort. Ein oversåg at dei aller fleste av oldtida sine kjende namn og som grunnla alle vitenskapane, var kristne.

BLIR DU PÅVERKA?

68-generasjonen sit no i mange leiande stillingar og har gjennom det fått ei sterk påverknad på samfunnet, deg og meg og dermed oss alle.     Kristendommen var ein viktig bidragsytar til å heve det enkelte mennesket og sjølvsagt menneskeverdet. Gjennom den kristne påverknaden vart det vestlege demokratiet, slik vi kjenner det, utvikla og bidro til å skape det velferdssamfunnet vi tar for gitt i dag. Ut frå dette fundamentet kan vi trekke det enkelte mennesket sin påverknad til å skape sitt eige fundament og sitt sjølvstendige liv og fundament. Derfor seier PDK at vi skal ha så sterk offentleg sektor som nødvendig og så liten som muleg.

Kva reduksjon av det lille individet under den store staten sitt formål kan bidra til, ser vi rundt oss til dagleg. Du ser det internasjonalt, nasjonalt og gjennom vedtak i di kommune. Har du lagt merke til fargesalaten  mange går rundt med på jakkeslaget, også kalt FN pins. Dette er eit merke for dei som er opptatt av at FN snart skal kunne styre deg og meg, Norge og andre land, ja kort sagt oss alle. Det kan og omtalast som Globalisme. Her er det sterke krefter i sving, ja dei aller sterkaste vi har rundt oss i form av sentrale politikarar, næringslivsfolk og konglege. Alt blir Samla gjennom møta i WEF, World Economic  Forum.

Heldigvis er det særleg i nokre aust-europeiske land ein framvekst av av ein kristen understraum med gudstru og ein ny framvekst av dei svakaste sin rett.

Du finn det i synet på at abort er drap. Her erkjenner ein at dei svakaste sin livsrett er utsletting av den filosofi som Frankfurterskolen stod for og som overtok universiteta våre etter 1968. Er du tru mot sanninga vil du måtte stå opp for mennesket sin sanne verdi og dermed opp for enkeltindividet.

Les også  Er du ein framand i eit land som blir meir og meir endra i ei retning du ikkje set pris på?

Ideologien frå 1968 førte til at den kristne kultur skulle bort. Ein oversåg at dei aller fleste av oldtida sine kjende namn og som grunnla alle vitenskapane, var kristne.

Vestens sivilisasjon vart fødd på korset. Kristendommen resulterte i at kvinner, slavar og små barn i mors liv fekk likeverd. Derfor er dette din og min kamp i dag. Gjennom mange år vart det kjempa for å få bort slaveriet. William Wilberforce ofra si politsiske karriere for å fjerne slaveriet.  I kristendommen vart fridom og demokrati fødd her i våre vestlege land. Framtida blir skapt av frie mennesker i eit fritt land. Blir du med i kampen for demokratiet?

 

Ellingsøy 25.03.22

 

Ole G. Steen – leiar PDK MR                

Reidar Hide – nestleiar

Del dette