Kari Ristesund er ny i PDK men ho er ikkje ny i politikken.

AdminInnenriks, PDKLeave a Comment

NY POLITIKAR I PDK MR.

Kari Ristesund er ny i PDK men ho er ikkje ny i politikken. Ho kom med i PDK no i haust og med si breie erfaring og ikkje minst som den solide dama det er, så inntok ho 2. plassen på PDK si liste til stortingsvalet til hausten.

Ho har dei seinare åra vore representant for ei uavhengig liste. Har tidlegare vore med i Krf. Ho sit i dag i kommunestyret i Sande kommune, vara til formannskapet, leiar i eldrerådet og medlem i helse og oppvekst.

I tillegg er ho første vara til fylkestinget i MR, 3. vara til samferdselsutvalet, første vara til utdannings-og kompetanseutvalet og medlem i eldrerådet.

Ho valde etter eige utsagn å komme over til PDK fordi vi har eit klart bodskap som ho ikkje fann hos andre parti. Ho meiner at vi står i ein kamp og at kristenfolket har sove i timen.

Ho vart enke for fem år sidan, har tre vaksne born, og to barnebarn. Er hjelpepleiar og har derfor arbeid i helsesektoren i mange år.

Har og vore engasjert i nasjonalforeininga for folkehelsa med ulike tillitsverv, både som fylkesleiar i MR, landsstyret og sentralstyret. Har vore opptatt av demenssaka. På bakrunn av innsatsen sin i nasjonalforeinga fekk ho heidersmerke. For øvrig engasjert i frivillig arbeid, misjonsforeingar, og ymse lag. Ho har derfor oppnådd å få kongens fortenestemedalje for si innsats.  Ho har vore reiseleiar for turar til inn og utland gjennom mange år. Fortsatt er ho svært engasjert. Vi er derfor glade for at ho vil engasjere seg hos oss.

 

Ellingsøy 11.02.21

Ole G. Steen – fylkesformann PDK MR

Del dette