NORGE I DAG OG I MORGON?

AdminUtenriksLeave a Comment

FN

NORGE I DAG OG I MORGON?

To gonger har det norske folket sagt nei til å bli medlem i EU og samtidig har det vore ja-fleirtal i Stortinget. Det viser at det er ikkje automatikk i at Stortinget avspeglar folkefleirtalet.

Det FN vi opplever i 2020 er ikkje det samme som eg vaks opp med gjennom 1970 og 80 åra. FN vi no opplever er ein sosialistisk og litt farleg «ein verda organisasjon» som vil innføre ulike tiltak som vil redusere og ta frå deg handlingsrommet ditt. Kan dette vere riktig eller overdriv eg no?

Kvar dag ser du norske politikarar går med ein pin på jakkeslaget, ein rund sak med mange ulike fargar, FN-merket. Ber du merket så er du politisk korrekt og hyllar multikultur og globalisme.

Vi, det norske folk.

Kan ikkje og må ikkje, lenger vere naive og redde for å stå opp mot dette brorskapet. Store deler av venstresida går inn for dette, Ap, SV, MDG, Krf og Sp. Viss du trur dette var venstresida, så tar du feil. Partiet Høgre med statsministeren, er med på denne utviklinga. Ho er jo faktisk leiar for FN sin Agenda 2030. FN har sett opp 17 berekraftmål som inneheld mange gode og fine mål som svært mange, for ikkje seie nesten alle kan slutte seg til. Men viss du går inn i punkt 4, som dreier seg om opplæring og utdanning, så vil du finne at overordna målsetting er GLOBALISME og MULTIKULTUR: Mi målsetting for Norge, er at landet skal forbli norsk og styrast av norske politikarar som er vald av det norske folket.

FN sine berekraftmål blir no fronta og spreidd gjennom norske kommunar, fylkeskommunar, universitet,høgskolar, vidaregåande skolar og ulike organisasjonar. Alt promotert av den norske regjering og med statsministeren i spissen.

No gjeld det nasjonalisme mot globalisme, fedrelandskjæleik mot nærast svik av nasjonen. Vi har to gonger sagt nei til EU og med det sagt at vi ikkje vil bli fratatt vår kristne kultur og vårt heimland. Vi treng derfor eit folkeopprør som må komme til uttrykk hausten 21.

Stemmer du på desse partia ved det kommande stortingsvalet.

Så kan du ikkje komme om nokre år og hevde at denne utviklinga vart feil og du forstod ikkje alvoret.

Alvoret foregår i samfunnet rundt deg kvar dag.

Ole G. Steen – PDK M/R 21.09.20

Del dette