Ny fylkesleder i PDK Møre og Romsdal

AdminPDKLeave a Comment

PDK Møre og Romsdal

FYLKESÅRSMØTE I PDK Møre/Romsdal

PDK Møre og Romsdal avvikla fylkesårsmøtet sitt no laurdag 20. juni. Til tross for stråland ver og rundt 25 grader så var det overraskande mange som tok del. Årsmøtet vart og ein god verkstad for politikkutvikling med gode debattar og høg aktivitet. Fleire lokallag hadde sendt inn saker som årsmøtet drøfta og tok stilling til. Mangeårig leiar i PDK M/R, Øivind Årdal, ønskte no å trappe ned og ny leiar måtte veljast. Fylkeslaget valde då samrøystes Ole G. Steen frå Ellingsøya til ny fylkesleiar. Øivind Årdal har vore i leinga for fylkeslaget sidan 2012.

I løpet av den perioden har PDK gjennomgått ein formidabel utvikling og er no i god driv framover. Ved kommunevalet kom vi inn i ein del nye kommunar og var svært nær i langt fleire. Viss veljarane held fram med å støtte PDK vil vegen inn i nye politiske fora vere kort. Målet om å bygge eit nytt kristenkonservativt alternativ til mykje av dagens samfunnsutvikling er påtrengande og bør kunne gi dette alternativet god framgang i tida som kjem. Den nye fylkesleiaren er kommunestyrerepresentant i Ålesund og med i Opplæringsutvalet. Han har bak seg to periodar i fylkestinget. Ole G. Steen

Uttalelse fra PDK Møre og Romsdal angående vindkraft utbygging på Haramasøy.

NEI TIL  VINDKRAFTUTBYGGING PÅ HARAMSØYA

PDK vil ikkje vere med på vindkraftutbygginga som no skal til å rasere eit aktivt lokalsamfunn på Sunnmøre. Haramsøya er eit engasjert øysamfunn som har satsa på turisme og landbruk.

Norge treng ikkje å satse på utbygging av vindkraft for å sikre oss nok energi. Vi har eit sterkt fortrinn ved å ha god tilgang på vannkraft. Denne kan i tillegg effektiviserast og dermed gi ein god del meir straum til samfunnet.

Konsesjonslovgivinga har og vore med på å sikre at denne krafta er på norske hender og under nasjonal kontroll. I Norge har vi pr. no 37 vindkraftverk med 600 turbinar og ein produksjon på 5,4 TWh. Fleire nye prosjekt er under planlegging.

Mange av oss såg på vindkrafta som ein god energiressurs, fordi ho var fornybar og er det ein ting som store delar av kysten vår har nok av, så er det vind.

Likevel så har utviklinga gått i retning av at vindmølene blir svært store og dominerande i landskapet og med ein del støy for dei som bur nært. I tillegg er det klar påverknad på fuglelivet med ikkje heilt ubetydeleg skadeomfang.

Derfor er PDK klare på at vindkraft satsar vi ikkje på.

Fylkesleder Møre og Romsdal og Kommunestyremedlem Ålesund

Ole G. Steen

Del dette