Partiet De Kristne (PDK)  –  Mitt parti

RedaksjonenPDKLeave a Comment

Magne Djuvik

Eg har vore folkevald i over 30 år. Frå 2005 til 2020 var eg medlem av Frp.  Eg var, folkevald, varaordførar, lokallagsleiar og styremedlem i Fylkeslaget. Skriver Magne Djuvik PDK

Partiet De Kristne (PDK)  –  Mitt parti

På bakgrunn av avisa Dagen sine angrep på PDK finn eg det nødvendig å  setta nokre ord på papiret.

Eg har vore folkevald i over 30 år.  Frå 2005  til  2020  var eg medlem av Frp.  Eg var, folkevald, varaordførar,  lokallagsleiar og styremedlem i Fylkeslaget. I  2020 melde eg meg ut  av Frp. Den utløysande årsak var Frp si støtte til å greia ut  forbod mot sokalla konventeringsterapi. Samtidig som eg melde meg ut av Frp melde eg meg inn i Partiet De Kristne.  Det gjorde eg fordi PDK :

  • Er det partiet som forsvara dei verdiane dette samfunnet har bygd på gjennom 1000 år.
  • Er det partiet som står opp for og forsvara trua mi.

Når eg les at redaktøren i den kristne avisa Dagen  angrip PDK for  å spreia konspirasjonsteoriarmså vert eg  «djupt såra og vonbroten»

Gjennom mine 30 år som lokal politikar har eg stått i mange kampar og blitt skulda for mangt.  Å bli skulda for å vera med på å spreia konspirasjonsteoriar tek kaka.  Har aldri opplevd makan.  Ja for det er slik at når ein organisasjon vert skulda for å spreia konspirasjonsteoriar, eller noko anna usant,  så  er det medlemmane som vert skulda.

Om redaktøren er vaksen nok til å sei at  han hadde ein dårleg dag  på jobb når dette vart skreve og ber om unnskyldning  så er saka avslutta.

Les også  PDK sier Nei til ny EU søknad uten en folkeavtsemming

Om ikkje så bør redaktøren vera konkret på kva  i PDK sitt program, uttaler frå landsmøtet, landsstyret, sentralstyre  som er konspirasjonsteori.

Dersom redaktøren meiner  at enkelte medlemmer (men ved ein feil skriv PDK)  spreiar  konspirasjonsteoriar så bør  redaktøren  skriva det.  PS  Hugs at dersom enkelt personar vert skulda for noko så  har vedk rett til å uttala seg.

Lykke til.

Magne Djuvik

Folkevald, Bjørnafjorden Kommune

Del dette