Skuggar over det norske flagget

AdminInnenriks, PDK, StortingsvalgLeave a Comment

Erlend Krumsvik 1. kandidat for Partiet De Kristne i Møre og Romsdal

Stortingspolitikarane vurderer no å redusere verdien av vårt eige nasjonalsymbol.

Vi har igjen feira 17. mai – nasjonaldagen vår og stoltheita vår. Gratulerer så mykje til dykk alle!

Tenk at vi i år igjen kan feire dette i eit fritt og trygt samfunn. I 200 år har det norske flagget vore symbolet vårt og samlingspunkt og har representert identiteten vår som nasjon. Dette flagget har halde oppe nasjonen når den har vore i krise, og flagget blir brukt når vi skal feire og markere. Vi har lært oss å behandle flagget vårt med ære og respekt. Også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.

Den 25. mai skal Stortinget på nytt (!) sakshandsama forslag til endring i lov om flagging på kommunanes offentlige bygningar. Skuggen over det norske flagget er kasta av våre eigne stortingsrepresentantar. Dei som skal vere våre fremste representantar av nasjonen vår, vurderer no å redusere verdien av vårt eige nasjonalsymbol.

I dag er reglane slik at det ikkje er lov å flagge med andre flagg enn det norske og det samiske på offentlege bygningar. Unntaket er om det blir gjennomført eit arrangement i bygget eller på tilhøyrande grunn. Dette er ein god regel, for det er det offentlege som representerer nasjonen vår.

Det er no pressgrupper som står bak regnbogeflagget som ynskjer at dette skal flagge på offentlege flaggstenger. Dei ynskjer i praksis å ta plassen til det norske flagget, og ber samstundes om at det offentlege Noreg skal representere dei og saka deira.

Eg spør ganske enkelt: Vil vi at offentlege bygningar og organ skal representere LHBT-organisasjonar? – eller nokon annan organisasjon? Ynskjer vi vidare å ha stortingsrepresentantar som vil redusere verdien av eige flagg?

Del dette