Strøm, vart vi lurt?

RedaksjonenInnenriks, PDKLeave a Comment

Norge og norske heimar er heilt avhengig av energi og at energien er tilgjengeleg til ein lav pris, kort og godt fordi vi må ha energien for å overleve. Derfor har vi over lang tid hatt tilgang til rimeleg energi og ikkje minst stabil tilgang.

Norge og norske heimar er heilt avhengig av energi og at energien er tilgjengeleg til ein lav pris, kort og godt fordi vi må ha energien for å overleve. Derfor har vi over lang tid hatt tilgang til rimeleg energi og ikkje minst stabil tilgang.

Norge som samfunn et avhengig av energi.

Kvar enkelt av oss er heilt avhengig av energi til oppvarming og mange ulike gjeremål i vårt daglege liv. Du og vi har blitt lurt trill rundt. Vi vart fortalt at kablane til utlandet skulle ikkje auke straumprisen i noko særleg grad. Dette vart hamra inn – gong på gong- og vi trudde på det.

Straumkablane som har blitt etablert til Tyskland og Storbritannia har i hovudsak ført straum ut av Norge og bidratt til eit eit klart skifte i straumprisen. Dei som tener på dette er ktaftprodusentane med Statkraft i spissen, staten gjennom avgifter og Statnett gjennom linjeleige.

Rekninga kjem til norske bedrifter og hushaldningar. Straumeksporten gjennom desse to kablane i 2021 tilsvarar årsforbruket til meir enn 300 000 husstandar – fem milliardar kilowatt timar.

Dei høge straumprisane i Sør Norge vart bortforklart

Av alle partar med lite vind, gassprisen, kolprisen og CO2 prisen. Utan kablane til Tyskland og Storbritannia vil eksponeringa mot desse faktorane vore klart mindre. Kablane sin kapasitetsauke har flytta prisfastsettinga ut av landet og til tysk / britisk nivå. Dette ser ein tydeleg ved å samanlikne prisutviklinga mellom Sør- Norge og Nord- Norge som har dårleg utvekslingskapasitet seg imellom.

Straumprisen har over lang tid vore den same over heile landet og avviket mellom Nord og Sør Norge inntraff samstundes med opninga av kabelen til Tyskland seinhaustes i 2020. Utviklinga vart ytterlegare forsterka med opninga av kabelen til Storbitannia i oktober i 2021.

Les også  Nytt sykehjem og bo- og servicesenter påkrevd!

Prisfastsetting for straum mellom to ulike straummarked med ulik pris er særleg avhengig av overføringskapasiteten. Har du ulik grad av eigenproduksjon og det eine markedet kan betale ein høgare pris, så vil markedet og eksportere sin høge pris til det andre markedet. Dette er eigentleg ganske logisk.

Straumprisen er avhengig av tilbod, etterspørsel, magasinfylling og overføringskapasitet. Omfanget av den auka eksporten av straum har sjølvsagt flytta prisfastsettinga ut av landet.

Derfor var argumentet om forsyningstryggleik berre ein bløff. Vi kan konkludere med at straumkrisa er utelukkande eit resultat av ein villa politikk og er eit resultat av nokre få sine interesser. Rekninga er det du og eg som må betale. Noverande fleirtal på stortinget vil ha vanskar med å ta det nødvendige steget tilbake for å rette på vedtaka som gav eit galt svar.

Ole G. Steen – PDK MR

Del dette